Den blogginga

Eg skulle så inderleg ynskje at eg kunne skreve meir om gjenbruk, mat og andre saker som opptek meg på privaten, -men det er den tida. Trass i fleire gjenopplivingsforsøk finn eg rett og slett ikkje tid i den nye kvardagen til å skrive her inne, -og det er stusseleg. -For eg tykkjer det er så artig!

Med tid og stunder håpar eg eg finn tid til skriverier igjen, men enn så lenge legg eg Grønt og Fint-bloggen i dvale på ubestemt tid.

Takk for at de har vore inne og lest og kommentert! Det har vore veldig morosamt og eg har blitt kjent med fleire nye og fantastiske fine personar! De er nokre smarte sjeler og det er artig å høyre om dykkar kvardagsengasjement for miljø. Fortsett med det!! Det er viktigare enn nokon gong.

Klem frå Inga

Advertisements

Økologiske kjøkentekstil

DSC_0112Det er mange gode grunnar til å kjøpe produkt i økologisk bomull i staden for vanleg, genmodifisert bomull. Les meir her. Heldigvis er ikkje økologisk bomull lenger eit nisjeprodukt, men noko ein finn i dei fleste kjedebutikkane.

Då eg måtte kjøpe nye kjøkenhandklede og gryteklutar i forrige veke, kom eg over eit flott utval hjå Åhlens. Dei kan du også handle hjå på nett.

Eit lite green nudge når det kjem til å vere litt grønare med lommeboka!

/Inga

 

REDNINGSBAKST FOR TRØYTTE FORELDRE

DSC_0103Eg og mannen min har gått rundt i ei ammetåke i snart eit år. Då poden ikkje har verdas største sovehjarte, merkast søvnmangelen best i hukommelsestap. -Som fører til at ein mellom anna alltid gløymer igjen saker når ein reiser frå ein stad (hadebra alt barnehageutstyr!) til store saker som; «er det nye huset vårt eit mur- eller trehus?» eller «når var det me eigentleg gifta oss?».

Når ein tillegg gløymer å kjøpe brød på fjerde dagen, er det godt ein har redningsbakst for foreldre med hukommelsestap (eller for alle andre som treng ei lettvint brødoppskrift). Denne oppskrifta er ganske enkelt genial. Den krevjer minimalt med arbeid. Det einaste ein må hugse på, er å ha mjøl, salt og gjær i hus (springvatn har ein forhåpentlegvis alltid) og å røre saman deigen kvelden før. Resultatet er rykande ferske rundstykke morgonen etter, -og det er noko av det mest lukseriøse eg kan tenkje meg i kvardagen!

Rundstykke som steiker er nesten like underhaldande som Drømmehagen.

Rundstykke som steiker er nesten like underhaldande som Drømmehagen.

Dette er i kategorien eltefritt brød, så deigen skal berre rørast saman. I tillegg treng ikkje desse rundstykka etterhevast eller trillast til kuler. Eg brukar å ta ein dæsj deig, kaste den fram og tilbake mellom hendene før eg legg den på steikebrettet. Utsjånaden vert rustikk og fin.

Som vanleg når det kjem til eltefritt brød, har eg henta framgongsmetoden frå Mat på bordet. Ein vanvittig fin blogg eg anbefaler alle å ta ein tur innom.

  • 500 g mjøl*
  • 1 ts salt
  • 1/2 ts tørrgjær
  • 4 dl vatn

* eg nyttar det eg har tilgjengeleg der og då. Pass på at minst halvparten er sikta kveitemjøl for eit godt resultat. Resten vert ofte ein kombinasjon av frø, havregryn og grovare mjølsortar.

  1. Rør saman dei tørre ingrediensene og tilsett vatnet. Rør til vatnet er godt blanda inn, men hugs prinsippet Less is more. Det skal som sagt ikkje eltast.
  2. Sett på eit lok eller legg over eit kjøkenhandklede. La deigen heve i 12-18 timar.
  3. Anten a) fordel jamnstore deigporsjonar i ei muffinsform eller b) ta jamnstore klumpar deig og kast ein og ein mellom hendene før du legg dei på steikebrettet . Eg brukar å lage 12 rundstykke av denne oppskrifta.
  4. Steik på 200 grader i 25-30 minutt.

Ha ein forrykande fin søndag!

/Inga

MAT FOR SJELA

DSC_0032

I går skunda eg å klippa av nokre roser i hagen til mor mi før me gjekk i bilen. Første frostnatta hadde passert og rosene stod og blomstra på lånt tid. Når ein enn så lenge har ein nitrist hage her i byen, er det stas å ha med seg noko fint frå helga som ein kan putte i ein vase!

Tanken var å ha ein skikkeleg effektiv kontordag i dag, då det brakar laus med jobb på fredag. I staden vart det henting av ein halvslakk pode i barnehagen ein time etter levering. Her vert det sjukedag i staden, så skal eg prøve å smyge inn litt jobb innimellom. Med appelsinsjokolade og mengder med te, er motivasjonen på topp!

I mellomtida tenkte eg å dele litt mat for sjela, frå veka som har vore:

  • #HeForShe og Emma Watson som ber menn engasjere seg i feminisme og likestillingsspørsmål under FN sitt toppmøte forrige veke.
  • Messinglysestakar. For oss som er fødde på åttitalet, må ein heim innehalde messinglystestakar. Eg fann tre fine Svenskt Tenn-aktige stakar på Fretex for den nette sum av 35 kroner. Hurra!! Eit skritt nærare ein møblert heim.
  • Å male hus. Ingenting slår det å male ei sleten dør eller ein verbitt vegg i ein fin, klar farge. I tillegg er det ekte mindfulness å stå rett opp og ned og berre male seg taktfast bortover.
  • Å oppdage ein by du trudde du kjende på ny. Haugesund, eg likar deg!
  • Dette lesarinnlegget skreve av verdas beste veslesyster. Eit viktig tema ein ikkje kan få snakka nok om.

Ha ein fin dag og del gjerne dykkar mat for sjela i kommentarfeltet!

/Inga

EI BLÅ DØR

20140922-200856.jpg

Sjølv om det byrjar å bli kaldere i vêret, strekk den varme somaren seg etter kalenderen og gir malevêr også i slutten av september. Tenk det!

Ein planleggingsdag i barnehagen førte til ei ekstra lang helg på bygda og brått fekk ein kryssa av nokre punkt på må-gjere-lista. Som til dømes å male ytterdørene til mormor. Dei har hatt det litt hardt den siste tida med Lena og andre hardhendte stormar. Dei fekk difor litt ekstra omsorg med malarkosten før hauststormane set inn. Fargen heiter Modumblå og er uendeleg fin!

/Eg har byrja å lande litt etter ein heidundrande flytteprosess, og har gleda meg veldig til å skrive litt her inne nå og då igjen. Det har vore eit sakn! Håpar nokre av dykk gamle fortsatt kikar innom. Det hadde vore veldig moro!

//Inga

GRØN GÅVE TIL DEI SMÅ

DSC_0254

Me har nokre fine, små familiemedlem rett borti nabolaget som har bursdag som perler på snor denne tida på året. Likevel kan det av og til vere ei utfordring å komme på gode gåveidear til dei og andre born. Ungar i dag har som oftast det dei treng og det kan vere kinkig å henge med på kva dei interesserer seg for til ei kvar tid.

Før jul les ein ofte om grøne gåvetips til vaksne. Det er ofte ei oppleving eller noko som smakar godt. Kvifor ikkje gi det same til born?

Dette året vert det difor gåvekort på Drammen kino for alle tre. Ei gåve som ein kan gle seg til å «opne» også etter at bursdagskaka er oppeten og lysa brunne ut. -Like moro for treåringen som akkurat har debutert på kino, som til elleveåringen som har byrja å gå aleine med vener.

Har du nokre tips til grøne gåver til born?

/Inga

 

Meny best i miljøtest, men..

Meny kjem best ut i ein miljøtest Framtiden i våre hender har gjennomført. Testen var basert på ulike kriterie som energibruk, transport, utval av økologisk mat, utval av vegetarmat, utval av svanemerka varer, miljøpolicy og kor mykje avfall dei kastar. Coop Extra kom på andreplass og i botn av testen fann ein Bunnpris. 

20140411-205432.jpg

Det var flott at Meny gjorde det godt i testen, men ein tur på den lokale Menyen i forrige veke, fekk meg til å stusse. Prisskilnaden på økologisk og ikkje-økologisk var enormt stor. Ein ikkje-økologisk agurk kosta 16.90, medan ein økologisk agurk kosta 29.90. Kven vel økologisk når prisskilnaden er så stor?

Med ein så stor skilnad på produkta, fremjer ikkje kjeden sal av økologiske produkt, -snarare tvert i mot. Dette er eit marknadsføringsproblem for økologiske varer. Eg undrast om Framtiden i våre hender har tatt omsyn til denne faktoren?

/Vel du økologiske varer, -eller tykkjer du ikkje det er verdt det?

//Inga

Grønkålchips

DSC_0194

Grønkålchips er overraskande godt og enkelt å lage. I tillegg er det særs næringsrikt då grønkål inneheld mellom anna mykje c-vitamin og jern. 

DSC_0189

For å lage ein porsjon grønkålchips treng du fylgjande:

  • 1 boks grønkål
  • 2 dl olivenolje
  • 1 ss havsalt

Skyll grønkålen godt og klypp av små duskar av blada. Den tjukkaste stengelen i midten bør ikkje nyttast. Vend duskane i olivenolja, fordel dei på eit steikebrett med bakepapir og dryss over salt. Steik i omnen på 150 grader i 10-12 minutt. Bruk gjerne varmluft. Pass på at det ikkje svir seg på slutten og la grønkålchipsen kjølne før servering. Då får den tid til å bli enda litt meir sprø.

DSC_0204

/Inga

Ram inn det du har

DSC_0179

Det er veldig kjekt å komme inn i hus og leilighetar kor du kjenner att dei som bur der i interiøret. Det er ikkje eit interiør, -det er ein heim! Private bilete, saker og ting som har ei forteljing er fantastisk å ha på veggane. Eg likar tanken på å omgi seg med saker og ting som minnar ein om noko hyggeleg og morosamt.

Det må difor ikkje nødvendigvis kostbare maleri eller rimelege Ikea-plakatar til for å pryde veggen. Mest sannsynleg har du allereie mykje rart i hus som du kan ramme inn!

DSC_0175

Til bryllaupet fekk me mellom anna to kjøkenhandklede med print frå Marimekko. Eg tykte motiva var så fine, at dei kom aldri til kjøkenskuffene. Det eine viser kyr og kalvar på sprang. Eit skikkeleg kuslepp! Kjøkenhandkledet har blitt stroke og ramma inn. No står det klart til å hengast opp på barnerommet. Eg må berre kommer over handlingslammelsen min når det kjem til å henge opp saker på veggen. Gipsveggar er noko skit.

Eit anna tips er RIBBA-rammene til Ikea. Dei er ekstra djupe og ein kan difor ramme inn eller legge inn saker som ikkje er flate. Eg elskar dei! Den eine ramma vår rommar ein champagnekork frå bryllaupet vårt. Eit enkelt motiv som vekker ein flaum med minne. I framtida drøymer eg om å ha ein liten biletvegg med RIBBA-rammer, kor eg kan putte inn småsaker som minnar ein om noko fint.

Har du noko morosamt hengande på veggen, som nødvendigvis ikkje er eit bilete?

/Inga

#2 Kjøp brukt

DSC_0155

Å kjøpe brukt er ein fin måte å leve litt meir miljøvenleg på. Det er kort og godt betre ressursbruk og utnytting av varer. Eg har skreve tidlegare om at eg er ein skikkeleg nybyrjar på dette området, men vil gjerne bli betre!

DSC_0158

Eg har no etter nyttår byrja å ta meg ein runde på «bruktbuene» på nettet når eg er på jakt etter noko. Det har vore ei særs positiv erfaring! Eg er overvelda over kor mykje fint og spanande ein finn. For ein rimelegare penge kan ein gjere skikkelege funn!

Nyleg sikra eg meg skikkelege festsko til bryllaupa i somar. Fint brukt og kjøpt av ei veldig hyggeleg jente for den nette sum av 150 kroner. Det kallar eg eit kupp!

Favorittstaden så langt er Bloppis.no. Har de nokre gode brukttips, -på nett eller i butikk?

/Inga