Ram inn det du har

by Notisboka

DSC_0179

Det er veldig kjekt å komme inn i hus og leilighetar kor du kjenner att dei som bur der i interiøret. Det er ikkje eit interiør, -det er ein heim! Private bilete, saker og ting som har ei forteljing er fantastisk å ha på veggane. Eg likar tanken på å omgi seg med saker og ting som minnar ein om noko hyggeleg og morosamt.

Det må difor ikkje nødvendigvis kostbare maleri eller rimelege Ikea-plakatar til for å pryde veggen. Mest sannsynleg har du allereie mykje rart i hus som du kan ramme inn!

DSC_0175

Til bryllaupet fekk me mellom anna to kjøkenhandklede med print frå Marimekko. Eg tykte motiva var så fine, at dei kom aldri til kjøkenskuffene. Det eine viser kyr og kalvar på sprang. Eit skikkeleg kuslepp! Kjøkenhandkledet har blitt stroke og ramma inn. No står det klart til å hengast opp på barnerommet. Eg må berre kommer over handlingslammelsen min når det kjem til å henge opp saker på veggen. Gipsveggar er noko skit.

Eit anna tips er RIBBA-rammene til Ikea. Dei er ekstra djupe og ein kan difor ramme inn eller legge inn saker som ikkje er flate. Eg elskar dei! Den eine ramma vår rommar ein champagnekork frå bryllaupet vårt. Eit enkelt motiv som vekker ein flaum med minne. I framtida drøymer eg om å ha ein liten biletvegg med RIBBA-rammer, kor eg kan putte inn småsaker som minnar ein om noko fint.

Har du noko morosamt hengande på veggen, som nødvendigvis ikkje er eit bilete?

/Inga

Advertisements