Meny best i miljøtest, men..

by Notisboka

Meny kjem best ut i ein miljøtest Framtiden i våre hender har gjennomført. Testen var basert på ulike kriterie som energibruk, transport, utval av økologisk mat, utval av vegetarmat, utval av svanemerka varer, miljøpolicy og kor mykje avfall dei kastar. Coop Extra kom på andreplass og i botn av testen fann ein Bunnpris. 

20140411-205432.jpg

Det var flott at Meny gjorde det godt i testen, men ein tur på den lokale Menyen i forrige veke, fekk meg til å stusse. Prisskilnaden på økologisk og ikkje-økologisk var enormt stor. Ein ikkje-økologisk agurk kosta 16.90, medan ein økologisk agurk kosta 29.90. Kven vel økologisk når prisskilnaden er så stor?

Med ein så stor skilnad på produkta, fremjer ikkje kjeden sal av økologiske produkt, -snarare tvert i mot. Dette er eit marknadsføringsproblem for økologiske varer. Eg undrast om Framtiden i våre hender har tatt omsyn til denne faktoren?

/Vel du økologiske varer, -eller tykkjer du ikkje det er verdt det?

//Inga

Advertisements