GRØN GÅVE TIL DEI SMÅ

by Notisboka

DSC_0254

Me har nokre fine, små familiemedlem rett borti nabolaget som har bursdag som perler på snor denne tida på året. Likevel kan det av og til vere ei utfordring å komme på gode gåveidear til dei og andre born. Ungar i dag har som oftast det dei treng og det kan vere kinkig å henge med på kva dei interesserer seg for til ei kvar tid.

Før jul les ein ofte om grøne gåvetips til vaksne. Det er ofte ei oppleving eller noko som smakar godt. Kvifor ikkje gi det same til born?

Dette året vert det difor gåvekort på Drammen kino for alle tre. Ei gåve som ein kan gle seg til å «opne» også etter at bursdagskaka er oppeten og lysa brunne ut. -Like moro for treåringen som akkurat har debutert på kino, som til elleveåringen som har byrja å gå aleine med vener.

Har du nokre tips til grøne gåver til born?

/Inga

 

Advertisements