MAT FOR SJELA

by Notisboka

DSC_0032

I går skunda eg å klippa av nokre roser i hagen til mor mi før me gjekk i bilen. Første frostnatta hadde passert og rosene stod og blomstra på lånt tid. Når ein enn så lenge har ein nitrist hage her i byen, er det stas å ha med seg noko fint frå helga som ein kan putte i ein vase!

Tanken var å ha ein skikkeleg effektiv kontordag i dag, då det brakar laus med jobb på fredag. I staden vart det henting av ein halvslakk pode i barnehagen ein time etter levering. Her vert det sjukedag i staden, så skal eg prøve å smyge inn litt jobb innimellom. Med appelsinsjokolade og mengder med te, er motivasjonen på topp!

I mellomtida tenkte eg å dele litt mat for sjela, frå veka som har vore:

  • #HeForShe og Emma Watson som ber menn engasjere seg i feminisme og likestillingsspørsmål under FN sitt toppmøte forrige veke.
  • Messinglysestakar. For oss som er fødde på åttitalet, må ein heim innehalde messinglystestakar. Eg fann tre fine Svenskt Tenn-aktige stakar på Fretex for den nette sum av 35 kroner. Hurra!! Eit skritt nærare ein møblert heim.
  • Å male hus. Ingenting slår det å male ei sleten dør eller ein verbitt vegg i ein fin, klar farge. I tillegg er det ekte mindfulness å stå rett opp og ned og berre male seg taktfast bortover.
  • Å oppdage ein by du trudde du kjende på ny. Haugesund, eg likar deg!
  • Dette lesarinnlegget skreve av verdas beste veslesyster. Eit viktig tema ein ikkje kan få snakka nok om.

Ha ein fin dag og del gjerne dykkar mat for sjela i kommentarfeltet!

/Inga

Advertisements