Om Grønt og fint

Hei!

Du er no komen til notisboka til Inga. Her noterer eg ned små og store saker om alt i frå gladmat til ein grønare kvardag.

Gladmat er kort og godt mat eg vert glad av å ete. Av og til er det sunt. Av og til er det ikkje sunt. Både kropp og sjel må ha sitt, og så lenge det er balanse i rekninga er eg nøgd.

Elles er eg eit gjennomsnittsmenneske som er litt over gjennomsnittet oppteke av miljø. Eg likar tanken på små, grøne dytt i kvardagen som kan utgjere store skilnadar både her og no, -og på sikt. Trass i at eg verken bur i passivhus eller køyrer el-bil (men drøymer om begge deler), prøver eg å gjere kvardagen min grønare litt etter litt. Kanskje har du nokre tips til meg eller blir inspirert av noko du les her?

Då dette er ein «hobby-blogg», vert den oppdatert litt i rykk og napp. Eg håpar du tilgir meg dette og likevel kikar innom igjen om det vert litt stille i blant.

Om du har lyst, legg gjerne igjen ein kommentar eller send ein mail til notisboka(at)gmail.com. Det set eg pris på!

/Inga

Advertisements