Redd kloden på 12 enkle måtar / #1 Begrens papirbruk

DSC_0043 5 DSC_0044 4

Bruken vår av papir er ofte eingongs. Me nyttar pappbegeret ein gong før me kastar det i papirsamling, me les avisa ein gong og me nyttar tørkerullen ein gong. Tenk over kor du kan begrense papirbruk i kvardagen. Produksjon av papir er særs energikrevjande, -dette gjeld også for resirkulert papir. Å begrense forbruket av dette er ein fin stad å starte!

Advertisements

FN sin klimarapport

Utklipp frå artikkel på Nrk.no. Klikk på biletet for å komme til kjelda.

Utklipp frå artikkel på Nrk.no. Klikk på biletet for å komme til kjelda.

FN sin klimarapport som kjem på måndag byr på sterk lesnad. Aftenposten har laga ein filmsnutt som samanfatter bodskapen. Situasjonen er alvorleg og ein må handle no. Det er på høg tid at politikarane tør å ta modige og drastiske val for å redusere utslepp og belastninga på kloden.

Det er lett å grunne på «kva utslag har det eigentleg om eg er medviten». Sanninga er at klimasituasjonen også er eit resultat av vala me tek som enkeltpersonar kvar dag.

-Det er heldigvis mykje me kan gjere! Eg tenkte eg skulle spreie nokre tips dei neste dagane for korleis ein kan bidra litt sjølv til miljøet. Eg treng stadig ei påminning, og kanskje gjer de også det? Kom gjerne med eigne tips i kommentarfeltet, så blir me litt klokare alle saman. 🙂

-Inga

Myter eller fakta?

Uten navn

Her er eit lite lesetips på ein skygrå onsdag! Fremtiden i våre hender ser nærare på ulike myter rundt klima og miljø. Klikk på biletet for å komme til artikkelen. Lærerikt og leseverdig!

/Inga

Rosa ris og ros

Aftenposten skreiv laurdag om den nye måten kvinner heier kvarandre fram på sosiale medie. Utgangspunktet var lanseringa av HP-direktør Anita Krohn Traaseth si nye bok Godt nok for de svina og korleis ho, -og andre kvinner i det offentlege rom, kommuniserer via Twitter, Instagram, Facebook og blogg. «Kvinner i posisjon heier hverandre frem på sosiale medier med store ord, komplimenter og smilefjes» konstaterte Aftenposten i ingressen.

Kv

Dette har sparka i gong ein spanande debatt. Kommentator i Dagens Næringsliv, Eva Grinde, skriv i dag at «Hurra-retorikken blant toppdamer på sosiale medier fordummer og ekskluderer. La oss håpe det er en barnesykdom». Rosabølga på sosiale medie får det harde lag av fleire røyster.

Eg er i utgangspunktet for meir ros. Å sjå folk, å gi dei bekreftelse på at dei er gode nok og har noko å komme med, er effektive verkty for å få menneske opp og fram. Det ser og brukar eg kvar dag som lærar.

Viktigheten av ros som eit mentalt dytt, gjeld særskild kvinner. Dette då kvinner ofte har ein særs høgrøysta indre kritikar. Som Anita Krohn Traaseth skriv i boka si; medan menn ofte tykkjer det er godt nok å berre kunne krysse av eit av ti kriterie for å søke på ein jobb, må kvinner ofte kunne krysse av samtlege for å tørre å søke. Ein av dei største bremsane for auka likestilling i toppverv og offentleg debatt, -er ofte kvinner sjølve. Me begrenser oss sjølve ved å tru at me er mindre flinke, ressurssterke og kompetente enn me verkeleg er. Slik sett er ein kultur for ros særs kjærkomen. Så lenge den er genuin og vert nytta på rett sett.

AKF

– For kva skjer dersom me berre kan heie på kvarandre og det ikkje vert rom for kritiske røyster? Dersom debatten berre er open for positive tilbakemeldingar og kritikk vert redusert til påstått misunnelse, «haters» og «kvinner er kvinner verst»? Madeleine Albright sitt sitat om at  «det finst ein eigen stad i helvete for kvinner som ikkje hjelper kvinner» vert ofte brukt i den offentlege debatten, men ofte også misbrukt. I den forstand at ein tolkar sitatet dit at kvinner ikkje skal kunne kritisere kvarandre sine val og meiningar i det heile. Kvinner skal få gjere og ytre som dei vil, utan å motta kritikk for vala dei tek. -For er det ikkje dette kvinnekampen har handla om? Retten og fridomen til å gjere som ein sjølv vil?

Om det er slik, gjer me oss sjølve ein gedigen bjørneteneste. Då gjer me det kvinnekampen har kjempa mot i alle år. Me reduserer oss sjølve til langt enklare vesen enn me er. Resultatet vert ein langt mindre nyansert debatt. Me går glipp av viktige diskusjonar. Aktuelle tema og viktige spørsmål står i fare for å ikkje bli drøfta fordi folk (les: kvinner) vegrar seg mot å reise kritiske spørsmål i frykt for å bli redusert til ein «hater».

Eg saknar ofte eit breiare spekter av norske kvinner som uttalar seg om aktuelle saker i media. Det er ikkje utan grunn at Heidi Nordby Lunde, Susanne Kaluza og Marta Breen er namn som alle kjenner til. Dei er proffe debattantar. Dei er vande med å tåle ein trøkk og kritiske røyster. Likevel er det desse damene, politikarar og andre proffe debattantar som går igjen i den offentlege debatten. Eg fryktar at mange kvinner vegrar seg mot å delta i det offentlege ordskiftet nettopp i frykt for å motta kritikk.  Dette fører til at me får ein langt mindre nyansert debatt og ei segregering blant debattantane.

ff

Dette såg ein tydleg eksempel på under mammakropp-debatten i haust. Caroline Berg Eriksen aka. Fotballfrue, la ut eit bilete av seg sjølv i undertøy fire dagar etter fødsel. Biletet førte til stor debatt og kunne i utgangspunktet ha reist mange interessante spørsmål. Som til dømes toppbloggarar sitt potensielle ansvar for kva dei publiserer og påverknadskrafta dei har på lesarskaren sin med omsyn til kroppsfokus i media. I staden vart debatten redusert til  korleis ein «ekte mammakropp» post fødsel skulle sjå ut, steile frontar og lite nyansert debatt. Det er synd og ei slik forenkling av debattane skjer litt for ofte.

Likestilling betyr at ein skal bli tatt på alvor, -uansett kjønn. Det inkluderer også handlingane og meiningane våre. Å motta konstruktiv og sakleg kritikk for noko ein har sagt eller gjort, er positivt. Det betyr at ein blir tatt på alvor.Me må ville kvarandre så vel, at me også tillet oss å få kritiske spørsmål rundt vala me tek. Me må ville kvarandre så vel at me tør å stille dei kritiske spørsmål. Elles vil me aldri bidra til ein sterkare og meir likestilt offentleg debatt.

Ros er ingen trugsel. Framsnakking og «rosa sukkerspinn» er etter mitt syn berre positivt då det er med på å dytte kvinner opp og fram. -Så lenge det også er rom for den konstruktive kritikken.

Kva tenkjer du? Er rosen på sosiale medie ein trugsel? Eller  er det snarare ein kjærkomen trend?

/Inga

P.S. Eg er nett ferdig med Anita Krohn Traaseth si bok. Den er sabla god. -Og det meiner eg. Blunkesmilefjes.

Lurt hjelpemiddel til vekeshandelen

DSC_0139

Det er veldig kjekt å lage mat, men dei tidkrevjande prosjekta vert fort lagt til helgene. I kvardagen går det litt fort i svingane og då er det fin-fint med middagar som er kjappe å lage. Mettar middagen magane rundt bordet, er den nokonlunde sunn og inneheld den litt grønt, -ja då kallar me det ein braksuksess!

DSC_0126

Det siste halvåret er eg blitt veldig glad i dei små oppskriftsheftene som nesten alle matvarekjedene har gratis i butikkane. Dei inneheld gode oppskrifter som er både sunne, enkle og kjappe å lage. Då dei tek utgangspunkt i ingredienser som ein finn i vanlege matvarebutikkar, vert det lettare å planlegge middagar og ta ein vekeshandel.

DSC_0130

I tillegg finn ein ofte lure tips til korleis ein kan gjere enkel mat litt meir fancy!

– Som til dømes oppskjærte skiver av pære med blåmuggost, valnøtter og honning. Nokre få, enkle ingredienser som likevel ser kjempefint ut på eit ostebord, som ein aperitiff eller som kos til fredagsrekka.

Dette tipset kom eg over i eit hefte frå Kiwi og det var himmelsk godt! Det fekk forøvrig full pott hjå Walters mandler-smakslauken min, og DÅ er det jo bra! 😉

/Inga

Babymat

Me har så vidt byrja å introdusere litt anna føde enn morsmjølk. Så langt har me berre prøvd ut litt most banan og litt heimelaga smoothie. Det vart tatt i mot med eit mistenksomt utrykk, men det gjekk ned!

DSC_0087 2

Då eg veit det er mange kloke foreldre som kikar innom her, tenkte eg eg skulle spørje dykk om råd. Har de nokre lure tips og triks når det kjem til babymat? Anten heimelaga eller kjøpt? Har de nokre «grøne» tips til babymaten?

Eg vert kjempeglad om de kan gjere meg litt klokare!

/Inga (grøn, nybakt mamma)

Grønt på badehylla / Kevin Murphy

Eg som i mange år fekk stussa håret av mannen, har gått hen og blitt stamkunde hjå Balanzera. Den økologiske frisøren på Grünerløkka er kort og godt fantastisk! Eg elskar det fine lokalet, dei utruleg hyggelege frisørane, den gode kaffien (Tim Wendelbo!) og dei snille produkta dei nyttar. Om eg ikkje blir buande på Austlandet resten av livet, trur eg eg må reise til Oslo i eins ærend for å klippe meg. 😀

DSC_0093 1

Forrige gong eg var innom, kjøpte eg med meg ein tørrsjampo som viser seg å vere den beste eg har prøvd. -Og eg har testa mange. Litt tørrsjampo er ofte redninga dei dagane som går i turbofart, -og dei er det mange av! På null-komma-null får ein friskt og fint hår. Det er deilig!

Denne tørrsjampoen held lenge og i tillegg luktar den fantastisk godt! Kevin Murphy sine produkt er ikkje 100% økologiske, men dei er fri for parabener og sulfatar. I tillegg er innpakkinga laga av resirkulerbart materiale. For kvar kjøpte sprayboks med tørrsjampo, donerer merket eit beløp til reduksjon av globale karbonutslepp.

Sparyboksar er ikkje heilt topp for miljøet, -så då er det fint at det finst nokre grønare alternativ.

Har du nokre fine, «grøne» saker ståande på badehylla?

/Inga

Forleng brukstida til pysjen

DSC_0021 5For å forlenge brukstida til fine pysjamasar, kan ein kort og godt klippe av føtene. Ein etter ein har dei blitt for korte i beina, men har framleis vore romslege nok i overkroppen. Då er det fram med saksa og vips held dei nokre veker til.

/Gratulerer med kvinnedagen! Ein lenge planlagd fjelltur vart avlyst i siste liten grunna uver i fjellet. Me heiv oss rundt, sette snuten mot svigerforeldra og i dag ventar 8. mars-tog i byen. Eg gler meg!

//Kvinnedagsklem frå Inga

Søtt møter salt i salatbolla

DSC_0016 6Eg er frykteleg glad i søtt møter salt. Smash og Walters mandler har som oftast ei uhyre kort levetid i kjøkenskapa våre.

Men. Søtt møter salt er ikkje berre godt i sjokoladevegen! Dette kan ein prøve i så mangt. Ein god søt-salt kombo er til dømes denne salaten med appelsin og Haukeli-chevre.

Det er appelsintid i butikkane og når ein krysser sur-søte appelsiner med salt og frisk chevre, kan det ikkje bli anna enn godt. Eit lite ekstra-tips kan vere å drysse over litt heimelaga müsli på toppen. Når salaten får litt ulik tekstur og tyggemotstand, blir den enda meir spanande!

Bruk ein eller fleire sortar grøn salat. Skyll salaten, grovhakk og fordel utover eit fat. Finhakk litt raudlauk som du drysser over og legg på oppskårne appelsinbåtar og betar med chevre til slutt. Hell over litt olivenolje eller ein honningbasert dressing, før du avslutter med nykverna pepar på toppen. Meir treng ein ikkje!

/Inga

«Grøn» morsmjølkerstatning

DSC_0020 4

Før eg vart mor, hadde eg store, hårete mål om amming og pumping. Fryseboksen skulle bugne av nedfrosen morsmjølk! Slik kunne me alltid ha ekte vare i bakhand.

Så vart ein mor og alt vart ikkje slik ein hadde førestilt seg. I staden for illusjonen om å starte reine meieriet, har eg hatt akkurat nok til poden, men ikkje meir til eit «restelag». Å pumpe for å auke produksjon slik at ein kan fryse ned til til ein sjeldan gong, vart for min del berre stress. Når noko vert meir stress enn glede når ein er nybakt mamma, kan det vere lurt å droppe det. Det er viktig å ta nokre val for å få den kvardagen ein ynskjer, då ein sjeldan kan klare alt ein har førestilt seg på førehand. Bruk heller tida på kos og låge skuldre!

Eg droppa det store, hårete målet og er difor utruleg takknemleg for at det finst fine morsmjølkerstatningar som denne til Hipp! Den er økologisk, Debio-godkjend og laga på ingredienser frå europeisk jordbruk. Smaken ser ut til å vere topp, då flaska går ned på høgkant. Ingen heva augebryn over annleis smak. Eg fann mine på den lokale Kiwien, så den skal vere like tilgjengeleg som vanleg Nan.

Dagens vesle økotips til dei små og for foreldre som vil stresse mindre og kose meir!

/Inga